Lars Fykerud (1860-1902) var si tids Elvis i Telemark
og det hardingfeleinteresserte Noreg og Amerika. Stilskapar, scenekunstnar, showmann. Umåteleg
populær som dansespelemann og kappleikvinnar, og med legendestatus frå tre
Amerika-opphald gav han hardingfelespelet status og posisjon i den norske
nasjonsbygginga mot slutten 1800-talet. Den kunstnarlege og økonomiske
suksessen fekk ein brå slutt i møte med jordiske freistingar og sjukdom. 2000
menneske følgde han til grava på Bø kyrkjegard.
Lars Fykerud har komponert og sett sitt klare stempel på ei
lang rekkje slåttar som spelemannsmiljøet i all ettertid har halde fram som særleg
vakre og krevjande; til dømes Fjellrosa, Duft, Vårlengt, Signe, Rosa, Veneflamma,
Markensmondagen, Livius Smitts Minne m.fl.
Per Anders
Buen Garnås står i dag i aller fremste rekkje som utøvar av
det klassiske slåttespelet på hardingfele. Med ein særleg kjærleik til Fykerud-spelet
har han ofte nytta desse slåttane når det skal gjerast bragder på kappleikar,
seinast under Landskappleiken på Røros i 2013, og fem gonger som vinnar av Fanitull-tevlinga
under Folkemusikkveka i Ål.
Hallgrim
Berg er forfattar av manuskriptet og forteljaren. Attåt
legendane er nytt og interessant stoff er grave fram. Forteljaren legg vekt på språkføringa
og vil at ord og tone skal klinge saman. Han er sjølv spelemann og
kappleikdomar, og vil i framføringa også drøfte kva som kan vera mellom kjenneteikna
på det me kallar «det store felespelet».
Programmet har fleire siktemål:
-
presentere norsk slåttemusikk og solo
hardingfelespel på sitt beste
-
løfte fram Lars Fykeruds musikalske
geni og hans viktige rolle i folkemusikken
-
laga ei fin stund for publikum, med
overtyding om at ei konsertoppleving kan vera minnerik sjølv om ho er reint akustisk.
|