PROGRAM 2017

UNDER UTARBEIDELSE
 
 
Bygdetunene i Numedal
 
 

De største arrangementene er oppført i
kalenderen, se ellers nettsiden og programmet for dagens arrangementer.

22.07 - 30.07 2016

Ma Ti On To Fr
        22
24
25
26
27
28  
29
30


 SAGN

 

 
 
 
 





 







Middelalderuka er støttet av:
Numedalskommunene:
 
 
Flesberg kommune
 
 
Rollag kommune
 
 
 
Nore og Uvdal kommune
 
 
 
 
 
 
 
Konserten "Stillesongar"

SOMMERMAGASINET

 
 
 
 
 
 
 


 





Gunleik Rabbens opplevelser på Nysetri i Rollag (Dialekt)


«Gunleik Rabben budde på slutten i Førliplassen, elles var han komin av Rollag. Med han var heime på Håv, so var det ein sumar han skulle på ei sæter som ligg på fjellet burtimot Lyngdal og Sigdal og slå. Sætri heiter endå Nysetri.

Han kom fram litt fyri kvellen, men totte ikkje det noko fara med slått den dagen, so gjekk han burtpå ei åsres tett ved sætervollen og vilde telgje seg upp nokre riveskaft. Soli var endå eit stykkje upp ifrå fjellet.

Som han stend der med detta, fær'n sjå ein litin budskap med væne brandsiute kyr eit stykkje ifrå seg, og bjøllune song so det ljoma. Ein - eller tvo - menneskje var med, men dei gjekk liksom ved sida av buskapen.

Han såg på detta ei stund, men so tok han til å telgje att. Då kjem det ein drake farande heilt innpå marki tett framved honom, men Gunleik driv til honom med riveskaftet, so han flyg i tvo stubbar og endane tvinlar burtetter  lynghaugen og varmefrøysen stend. Men so skøyter han seg og fer avgarde. Gunleik tok til med telgjinge att. Um eit bil kjem det ein gut og ei gjente drivande med ei sauedrift og for burtimellom mot ein tverrås og vert burte. Han undrast på detta og vilde burtåt og sjå. Då han kjem dit veit han ikke orde av, fyrr han er inni eit stort rom, og der er fullt av folk både karar og kvende. Tvo, tri av karane kjenner han, dei var frå Flesberg, men var døde for nokre år sidan. Dei sat ved enden av eit stort bord, med hendane under kinni og studde olbogane mot bordplata og såg liksom so hugtunge ut. Herinne var det som i det gildaste gjestebod. Øl og vin vart bodin rundt til alle, og mat var det av det grusaste slage. Men honom totte dei ikkje bry seg om - ikkje tala dei til'n og ingin baud'n noko.

Jau, då det leid på, var det ein som gav seg i rødur med han og spurte um han ikkje vilde vera med honom burt i Tråen-natten. «Syster mi hev gjestbod der idag», sa han.

«Nei», svara Gunleik, « je ska vara på sætra å slå je, å nå ønsjer je meg ut att herifrå i den Herre Jeso namn» sa han. «Ja, den mann vill vi au jenne høre om», sa ho, ei gamall kjerring som stod burti ei krå og skrapa ei gryte så det skrangla. So gjekk'n Gunleik; med det same han hadde komi ut døri, kom det sendande ei gloande jarnstong etter'n, men han hadde vort varsla at han måtte kaste seg tilsides med same han kom ut, og stonga råka ikkje. Den mannen han hadde vori i svall med inni berge, kom ut etter honom og peika burtyve til Tråen-natten og spurte um han ikkje vilde vara med dit. «Så ska du få sjå gillt gjesslebø» sa'n. Men Gunleik vide ikkje, og skildest ifrå honom og gjekk burtåt der han hadde stadi og telgt riveskaft um kvellen. Han totte han hadde vori burte berre ei ørlite bil, men no var de morgonen og soli høgt på himelen»

Historia stå hos Flatin i Gamalt fraa Numedal, bind 1. (1913)

 
 

Dette nettstedet eies av Numedalskommunene: Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg.
Ansvarlig redaktør: Hans Henrik Thune Tlf.: 31 02 30 00
 
Webmaster Numedalsnett AS