PROGRAM 2017

UNDER UTARBEIDELSE
 
 
Bygdetunene i Numedal
 
 

De største arrangementene er oppført i
kalenderen, se ellers nettsiden og programmet for dagens arrangementer.

22.07 - 30.07 2016

Ma Ti On To Fr
        22
24
25
26
27
28  
29
30


 SAGN

 

 
 
 
 





 







Middelalderuka er støttet av:
Numedalskommunene:
 
 
Flesberg kommune
 
 
Rollag kommune
 
 
 
Nore og Uvdal kommune
 
 
 
 
 
 
 
Konserten "Stillesongar"

SOMMERMAGASINET

 
 
 
 
 
 
 


 





Kraviklyra
3. juli 2005
Kraviklyra - det eldste strengeinstrumentet som er funnet i Norge. Lyra er rekna som eit middelalderinstrument og har namnet sitt frå Kravik i Nore. Frå ein av gardane her kom instrumentet til Oldsakssamlinga i 1864. Or­igi­­n­alen kan no sjåast på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.
 
 


Forfatteren Sverre Heimdal har bygget de lyrene som er avbildet i artikkelen.

Kraviklyra fram i ljoset

Dei kjende målarane A.Tideman og J.Frich var på tur i Numedal i 1848. Då var dei med anna på Kravik og teikna "Gammel norsk Strengeleg". At lyra vart visa fram for desse kunstnarane, og at dei teikna ho, tyder på at ho i 1848 vart rekna som noko særs gamalt. I Oldsaks­samlinga sin protokoll frå 1864 er Kraviklyra omtala slik: "Musikalsk instrument av tre av eiendommelig form". Stykket var, da det innkom til samlingene, brekt over efter lengden, og et stykke av det brett, hvori skruene har sittet, borte. Dette er nu sammenlimet og det manglende stykke erstatt med et nytt. I dette er det måske anbrakt et skruehull for meget. Den krugformede del av instrumentet synes å ha vært dekket med et fast lokk, hvorover strengene har vært utspendte. Av dettes nagler findes, ennu spor. Instrumentet har vært bevart på gården Kravik, Nore, Buskerud. Lyra er om lag 71 cm. lang og bredda har vore om lag 27 cm. om ein rekner med det stykket som er borte. Over den "krugformede del(lydkassa), har det vore eit lokk. På originalen kan ein sjå restar etter pluggar som har halde lokket på plass. På lokket har det vore ein strengestol som strengane har gått over, frå stilleskruane i åket og ned til strengefestet. Utforminga av lokket og lydhola kjenner ein ikkje til. Lyra er laga av eitt stort furustykkje.


Kor gamal er so Kraviklyra ?

Kraviklyra er rekna med i ei instrumentgruppe som er kalla rundlyrer. Utforminga av åket (der stilleskruane sit) gjer at lyra skil seg ut frå andre kjende rundlyrer. Difor har me ingen andre lyrer å samanlikne heilt med, og med det gje ho ei sikker datering. Fagfolk har likevel meint at lyra er frå 1300-talet. Frå øvre Numedal er det frå middelalderen to bilet­­fram­stillingar av instrument, nemleg dei utskårne trekantharpene på portalane i Uvdal stavkyrkje og på gamle­bygningen på mellom-Kravik. Desse viser sagnet om Gunnar i ormegården som spelar seg fri frå fangenskap. Det er klår likskap mellom utforming og dek­o­­r­asjon av lyreåket og den båtlua som Gunnar har på seg. Klårast kan ein sjå dette på portalen i Uvdal. Båtlua liknar mykje på den lua som vert bruka til mannsbunaden på Færøyane. 
 

Musikk på Kraviklyra

Det har vore diskusjon om kor mange strengar som orginalt har vore på lyra, men det har utan tvil berre vore 7 strengar. Men då lyra vart restaurert i 1864 vart det bora opp eit hol til ein stilleskrue for mykje, slik at det var plass til 8 stilleskruer. Det er ikkje noko gripbrett på lyra slik som til dømes på ein gitar, så utøvaren har berre hatt 7 tonar å leike seg med.

Even Tråen og Åsne Bergset

Ganske sikkert har Kraviklyra vore eit klimpreinstrument, utøvaren har knipsa eller slått på strengene. Det har ikkje vore bruka boge slik som på ein fiolin. Ein skulle tru at med 7 strenger er det ikkje rom for stor musikalsk utfalding, men i hendene på ein dyktig spelemann kan det likevel vera ein rik variasjon av samklangar å få høyre. Enkle melodiar kan ein og få til, men truleg har lyra helst vore bruka som akkompagnement til song. Det har nok ikkje vore ei fast stemming av lyra, strengene vart stemt etter kva for ein song som skulle syngast.

Even Tråen spiller Kraviklyre


Kraviklyra i dag

Fleire norske folkemusikkutøvarar har dei siste åra teke Kraviklyra i bruk, særleg som akkompagnement til song. Tone Hulbækmo, Øyonn Groven Myhren og Åshild Watne er blant desse. Sistnemde song og spela på Kraviklyra då kronprinsparet Harald og Sonja vitja Nore og Uvdal i 1990. Som gåve frå kommunen fekk dei overrakt ein kopi av lyra. I Numedal  spelar Åsne Bergset OG Åshild Wetterhus på Kraviklyra.

 
 

Dette nettstedet eies av Numedalskommunene: Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg.
Ansvarlig redaktør: Hans Henrik Thune Tlf.: 31 02 30 00
 
Webmaster Numedalsnett AS